Det såkalla heisstykket er ein sylskarp samtidskommentar som med sarkasme og ein god porsjon humor viser kapitalismens vonde ansikt. På få kvadratmeter spelar ein klaustrofobisk kammerkomedie seg ut. Kven har høgast rang av dei to mennene i heisen? Har dei blod på hendene, sidan firmaet dei jobbar i, produserer våpen som drep barn i krigar langt unna?
Og … kvifor er det eigentleg politi utanfor bygningen?
Sakte, men sikkert demrar det for dei at det er ei krise i emning. Kanskje bør dei ete dei hemmelegstempla dokumenta før dei hamnar i hendene på myndigheitene?
Irritasjonen, desperasjonen og hatet stig til uante høgder og endar til slutt i eit blodig oppgjer.


>> Link til Det Norske teatrets nettside om Det Såkalla Heisstykket

I rollene:
Kyrre Hellum (Svart)
Carl Martin Eggesbø (Blå)
Ellen Birgitte Winther (forteller)

Regi: Peer Perez Øian
Scenografi, kostyme, lysdesign, maler og live tegning utøver: Katarina Caspersen
Dramaturg: Anders Hasmo
Tekst: Nis-Momme Stockmann
Teknikk: Fredrik Bjerkan
Foto: Dag Jenssen